Vestnorsk
Jazzensemble

Mariam Wallentin

Eg jobbar oftast med alle sansar når eg komponerer, det være seg mørkt eller lyst, varmt eller kaldt, hav eller fjell, for så å leggja inn lyrikken der eg havnar. Teksten er kjerna og det som styrer meg som ei ledestjerne i mørkret når eg vil vidare og opne ei ny dør. Nokre gonger går eg i sirklar, men nokre gonger – når eg er heldig – havnar eg på ein ny stad med hjelp frå orda, musikken, medmusikarane, eller vanlegvis ein kombinasjon av alt.


For Vestnorsk Jazzensemble ville eg oppnå noko klart, tørt og ærleg. Noko litt oppskrapa, litt omfavnande, mitt eige materiale omarbeida i eit heilt nytt klingande rom der det boblar, sveipar, svingar og vert knust.

Men mest av alt ønska eg å finna ei setting som kjennes dynamisk og spanande, som kan stiga høgt opp mot ein gloheit himmel for så å dykka djupt ned i underjordisk mørke.

To strykarar og ei harpe, to blåseinstrument og ein gitar, som separate einingar eller to sider av same arket i sameksistens og samtale – der dei veks saman, drar i frå, samhandlar og utvidar musikken.

Med ein så nydeleg line-up og framfor alt eit ensemble samansett av sterke individualistar, gleder eg meg til ei musikalsk reise med re-arrangert materiale frå både soloprosjektet mitt Mariam the Believer, og frå trommeduoen min Wildbirds & Peacedrums i nye og uventa variantar, pluss heilt ny musikk laga kun for dette ensembelet.

Eg håpar vi saman skal klare å finna noko udefinerbart og fritt, vilt og vakkert, noko som kan sitja tett og kviskra "livet er her akkurat no, ta det!"


Mariam Wallentin er ein kunstnar med stort hjarte, anten det handlar om personlege eller allmenne tema. Som ei moderne Alice Coltrane møtes spiritualitet og musikk.

Med musikalske røter dels i improvisasjon og avantgarde, dels i pop og soul, har Wallentin si karriere kryssa fleire mangefasetterte territorier; Mariam er halve trommeduoen Wildbirds & Peacedrums og ei av dei kreative kreftene og komponist i storbandjazzeksplosjonen Fire! Orchestra.

Ho har jobba med band som Deerhof og Konono no 1, med kor, strykeensemble og symfoniorkester, turnert med St Vincent og Lykke Li, sunge for Björk på Polarprisen og deltatt i ein eksperimentell opera av støymusikar Ben Frost.

Hun har sunge spesialskrivne stykke av Daniel Bjarnason, vore gjest på album frå Leonard Cohen og Refused, samarbeida med Damien Rice og Feist, komponert ei konsertførestilling og songsyklus kalla The Wishing Well, vunne Manifestoprisen, Jazz Cat Award og blitt nominert fleire gonger for Grammis.

Med si kompromisslause tilnærming til musikk starta Wallentin Mariam The Believer i 2013 for å fokusera uttrykket sitt til et meir poporientert prosjekt. Mariam The Believer har gjeve ut to anerkjente album og tre EP-er på sitt eige plateselskap Repeat Until Death.

Mariam Wallentin er ein artist og kunstnar som tør og som rører.    

Ensemble

Hildegunn Øiseth

Trompet & bukkehorn

Ei av dei mest kraftfulle uttrykka for ‘the Nordic sound’ tilhøyrar Hildegunn Øiseth. Anten det er med trompeten eller bukkehornet, så fyller ho rommet med ein energisk og poetisk varme som er unikt hennar. Undervegs har ho sjonglert Trondheim Jazzorkester og Marilyn Mazur samstundes som ho har turnert med eigen musikk – og har sloppe fire plater.

Børge Fjordheim

Trommer

Undergrunns-popstjerne med jazzkred. Fundamentet i Cloroform saman med Kaada, og medlem i Wunderkammer. Har i tillegg jobba mykje med Morten Abel. Friare musikk med Frode Gjerstad i Circulasione Totale Orchestra og Didrik Ingvaldsen i Pocket Corner.

Gro Austgulen

Fiolin

Stavangers nyMusikk-sjef, og sjangeroverskridande fiolinist med master frå NTNU. Like heime i Kitchen Orchestra og med Gunhild Seim som i impro-landskap med Vidar Schanche. Sest òg stadig i full symfonisk utfalding med Stavanger Symfoniorkester.

Kjetil Møster

Saksofoner

Stjernesaksofonist med fersk doktorgrad. Vekslar mellom livet som popstjerne i Datarock, og stadig utforskande, nyfiken og nyskapande musikk i sine eigne prosjekt, saman med mellom andre ‘Snah’ frå Motorpsycho. Bakgrunn frå The Core, Ultralyd, Zanussi 5, Crimetime Orchestras og ein million andre band.

Carmen Bóveda

Cello

Spansk mastercellist med utdanning frå Griegakademiet i Bergen. Grenseoverskridande mellom klassisk musikk og pop på Bergensscena - like heime med Dvořák som med Doddo.

Terje Isungset

Perkusjon

Ein av Noregs leiande perkusjonistar som har brukt karriera på å ta i bruk verda rundt seg. Først med heimelaga tre-instrument saman med mellom anna Karl Seglem og Arve Henriksen, seinare med glas-instrument, og instrument laga av is.

Arne Toivo Sandberg

Bass

Bassist som lét moderne og tradisjonell på ein gong. Jazzstudier ved Griegakademiet i Bergen, ekstremt etterspurd som freelancar – frå vill jazz til teaterproduksjonar til turne med popfenomenet Sigrid.

Anders Hana

Gitar

Bråkegitarist med Kjetil Møster, Paal Nilssen-Love og Mats Gustafsson, mellom anna i Noxagt, Ultralyd og Moha! Innimellom har han fordjupa seg i norsk folkemusikk med spesialbygd langeleik, og funne seg til rette på trommekrakk.

Julie Rokseth

Harpe

Klassisk bakgrunn før ho tok ein avstikkar inn i keltisk og skandinavisk folkemusikk og derfrå til kultstatus som tango-harpist, der ho også har utvikla nye teknikkar for instrumentet. Har mellom anna jobba med Trondheim Jazzorkester og spelt på dei største tangofestivalane i verda.